A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Miljøvaktmeistar 100% engasjement

Søknadsfrist 14.12.20

Ledig stilling.png

Me har ledig
NAV Årdal har ansvar for personar som av ulike grunnar har særlege behov for oppfølging i bustaden sin.
Årdal kommmune vil tilsetta ein person som ser etter spennande utfordringar og har eit stort engasjement for arbeidsoppgåvene i denne stillinga. Me tilbyr ein utfordrande og variert kvardag der du får vere med å utvikle ei ny og spennande teneste i tett samarbeid med bebuarar/brukarar og kommunale tenesteområde. 
 
Me har ledig stilling som miljøvaktmeister knytta til oppfølging av desse brukarane. Dette vert gjort i samarbeid med andre kommunale tenesteområder.
Stillinga er eit engasjement som varar førebels i 3 år. Stillinga vil administrativt vere knytta til NAV Årdal. 
 
Arbeidsoppgåver
  • Utføre enkle reparasjonar
  • Relasjonsbygging med brukarane og utføre diverse oppgåver saman med dei
  • Inn- og utflytting, før- og etterbefaring av bustadar
 
Vere ei støtte for å ivareta brukaren sine forpliktelsar, slik som:
  • Økonomi
  • Orden, ryddigheit og reinhald
  • Anna ivaretaking av bustaden
  • Vere ei støtte i samhandlinga med andre offentlege etatar og tenesteområde
  • Samhandle og samarbeide med Årdal kommune sine tekniske tenester/FDV om utføring av reparasjonar og vedlikehald av kommunale bustader
 
Kvalifikasjonskrav
Formell bakgrunn:
  • Byggteknisk kompetanse
og/eller
  • Sosialfagleg kompetanse
     
  • Førarkort klasse B
  • Beherske IKT (data) som arbeidsverktøy
 
Personlege eigenskapar
  • God på relasjonsbygging, kommunikasjon og evne til å bygge tillit
  • Sjølvstendig og trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
  • Kreativ og praktisk anlagt
  • God gjennomføringsevne
  • God samarbeidsevne og fleksibilitet
  • Strukturert,tydelig og evne til å jobbe målretta
 
Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter etter hovedavtalen ( HTA ), etter utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Andre opplysningar
Innan helse-og omsorgstenestene oppmodar Årdal kommune spesiellt menn om å søke.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Silje Berge, Konstituert NAV leiar, tlf: 41286664, silje.berge@nav.no
Elin Haug, Miljøterapeut, tlf: 41290269, elin.haug@nav.no