A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Miljøterapeut 100% engasjement

Søknadsfrist 14.12.20

Ledig stilling.png

Me har ledig
Årdal kommune har ledig stilling som miljøterapeut i grunnskulen, stillinga gjeld førebels i 3 år.
Stillinga skal ha særleg fokus på førebyggande arbeid retta mot barn i grunnskulen, i hovudsak i 1. - 7.klasse. 
Stillinga vil vere knytta til Årdal kommune si psykiske helseteneste, retta mot barn og unge.
 
Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre førebyggande tiltak og tilbod ved utfordrande åtferd, språkvanskar og kommunikasjonsvanskar hos barn
  • Etablere og gjennomføre gruppetilbod med fokus på førebygging på område der det vert avdekka behov for ekstra fokus
  • Rettleie tilsette i skulen og føresette ved behov og ønskje
  • Ha tett samarbeid med andre kommunale  tenester til barn; helsesjukepleiar, PPT, kommunepsykolog oa.
  • Vere pådrivar for bruk av BTI som dataverktøy
 
Kvalifikasjonskrav
  • Miljøterapeut med tre årig helse- og sosialfagleg høgskule utdanning, der vernepleiar eller barnevernspedag og vil verte føretrekt
  • Samtalekompetanse, kunnskap om åtferdsvanskar og kva som er god og effektiv tilnærming til barn med særlege utfordringar
  • Rettleiingskompetanse 
  • Erfaring med førebyggande arbeid med barn og unge
 
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegga bl.a. desse eigenskapane:
  • Evne til relasjonsbygging og skape tillit
  • Sjølvstendig, samarbeidsorientert og fleksibel
  • Gjennomføringsevne og ønskje om å vere ein synleg ressursperson for barn
 
Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter hovudavtalen (HTA), utfrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Det er krav om politiattest jfr.Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
 
Me tilbyr
Me tilbyr deg å få vere med i eit nybrottsarbeid i Årdal kommune sitt førebyggande arbeid blant barn og unge.
Skuletida er ein stor del av barne- og ungdomstida og eit godt grunnlag der, vil påverke folkehelsa positivt i framtida.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Silje Berge, konst. Nav leiar, tlf: 41286664, Silje.Berge@ardal.kommune.no