A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling. Lærar med spesialpedagogisk utdanning - Farnes skule

Søknadsfrist 14.08.2017

                 

Me har ledig
På Farnes skule er det ledig 100% stilling som lærar, med tiltreding snarast råd.

Arbeidsoppgåver
Undervise elev med spesialpedagogiske utfordringar. Vere koordinator i eit team med ansvar for planlegging og praktisk tilrettelegging. Delar av stillinga vil og vere å undervise andre elevar med trong for spesialpedagogisk hjelp (i klasse/gruppe/einskild).

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vert vektlagde, me ser etter ein person som er omsorgsfull, lett å samarbeide med, kreativ, fleksibel og har godt humør.

Kvalifikasjonskrav
Godkjend lærarutdanning med spesialpedagogisk tilleggsutdanning, men andre med anna pedagogisk utdanning kan
og søkje.

Me oppfordrar menn til å søkje. Den som vert tilsett må kunne legga fram godkjent politiattest av nyare dato.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Eit spennande arbeid på ein fin skule med eit godt arbeidsmiljø.

Andre opplysningar
Søkjarar vert kalla in til intervju.
Me oppmodar menn til å søkje stillinga.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.                

Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, tlf: 57665310, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut