A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Fagarbeidar/driftsansvarleg i tekniske tenester

Ledig stilling

Det er ledig 100% stilling som fagarbeidar/driftsansvarlig i FDV-seksjonen.
FDV seksjon har ansvar for forvaltning,drift og vedlikehold av kommunen sine bygg og eigedommar.

Søknadsfrist 23.01.2017

 

Arbeidsoppgåver
Denne stillinga er knytt til FDV av dei kommunale bygga i Øvre Årdal. Den som vert tilsett må vera fleksibel og villig til å utføra anna førefallande arbeid i tekniske tenester etter behov.

Kvalifikasjonskrav
Søkjarar med fagbrev som t.d. elektriker, tømrar eller andre relevante fagbrev er ei føremon, men andre med praksis innanfor FDV området kan søkje.
Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er allsidig og fleksibel, som kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre, og yta god service til interne og eksterne brukarar av tenestene.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter HTA, som fagarbeidar er løna mellom kr. 326.300, - til kr. 392.100,-, som spesialarbeidar er løna mellom kr. 282.000,- til kr. 384.700,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Utlyst dato 06.01.2017                                     Vårref 864

Kontaktperson
Hans Jørgen Røneid, mobil: 95747504, hjroe@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut