Ledig stilling. Driftstilskot fysioterapi

Me har ledig
80% driftstilskot frå 15.10.17 eller etter avtale.
Årdal kommune har totalt 3,4 årsverk for sjølvstendig næringsdrivande og 2 kommunalt tilsette fysioterapeutar.

Fysioterapeuten skal gje eit ope tilbod til innbyggjarane med omsyn til aldersgrupper og diagnosar. Ein må utføre heimebehandling, delta i tverrfagleg samarbeid og gje behandling til prioriterte pasientgrupper for å ivareta kommunen sitt samla behov for fysioterapitenester.

Søknadsfrist 10.07.2017

Kvalifikasjonskrav
- Autorisert fysioterapeut
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel
- Brei behandlingserfaring
- Stabilitet i tenesta blir vektlagt
- Personlege eigenskapar bkir og vektlagt
- Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg

Andre opplysningar
Lokalisering av praksis er i Øvre Årdal saman med dei øvrige fysioterapeutane med driftsavtale. Overtaking av utstyr og evt vederlag må avtalast med noverande eigar av driftstilskotet.

Avtaleheimelen er regulert av ASA 4313. Det er utarbeida eigne retningslinjer for samarbeid mellom sjølvstendig næringsdrivande og kommunale fysioterapeuter i kommunen.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 10.07.2017

Kontaktperson
Heidi Kristin Skeie, Ergoterapeut/avd.leiar, mobil: 99366881, heidi.skeie@ardal.kommune.no
Elizabeth Bell, Fysioterapeut, mobil: 46794355

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut