A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling. Branninspektør/branningeniør

Søknadsfrist 14.08.2017

                 

Me har ledig
100% stilling som branningeniør/branninspektør i Årdal kommune.
Årdal og Lærdal kommunar har inngått samarbeid innan brann og redning, så arbeidet vil vera i begge kommunane.

Arbeidsoppgåver
Tilsynsarbeid og sakshandsaming i høve til brann- og eksplosjonsvernlova.
Motivasjons- og informasjonsarbeid innan brannvern, kurs og øvingar.
Andre arbeidsoppgåver relatert til risikobasert førebyggande arbeid og HMS.
Stillingen er tilknytta vaktordning.

Kvalifikasjonskrav
Me ønskjer oss søkjarar med relevant høgskuleutdanning.
Anna generell brannfagleg utdanning, beredskapsutdanning.
Førarkort kode 160 er ei føremon.
Søkjar bør tilfredstilla forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6.
Søkjar som ikkje fyller desse kvalifikasjonskrava, må forplikta seg til å ta eventuell manglande tilleggsutdanning etter tilsetjing.
Anna naudsynt kompetanse for stillinga vil bli pålagt å gjennomføra.
Godkjent politiattest, jf. brann- og eksplosjonsvernlova § 18.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person som er utadvendt, sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga vert løna etter avtale.
Tilsetjinga skjer etter gjeldande tariffavtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Spennande og variert arbeidsoppgåver innanfor eitt viktig samfunnsområde.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.                        

Kontaktperson
Gaute Johnsgaard, Brannsjef, mobil: 90116265, Gaute.Johnsgaard@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut