Ledig stilling - Barnevernkonsulent

Ledig stilling

Me har ledig
1 x 100% fast stilling som barnevernkonsulent frå 01.03.17.

Søknadsfrist er 6. februar 2017.

Ynskjer også å kome i kontakt med familiar eller andre vaksne som kan tenke seg å høyre meir om det å vere
besøksheim / støttekontaktar.

 Arbeidsoppgåver
Generelt barnevernsarbeid etter lov om barneverntenester.

Kvalifikasjonskrav
1. Utdanning som barnevernspedagog.
2. Det er ynskjeleg med relevant vidare/tilleggsutdanning innan fagfeltet.
3. Erfaring frå kommunal barnevernteneste er ei føremon.
4. Gode ferdigheiter i skriftleg framstilling.
5. God munnleg kommunikasjonsevne.
6. God kunnskap om - og evne til -  tverrfagleg samarbeid.
7. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt særskilt.
8. Erfaring i bruk av dataverktøy.
9. Førarkort og bil klasse 2.

Personlege eigenskapar
1. Må like nye utfordringar.
2. Vere sjølvstendig og målretta.
3. Evne til samarbeid og fleksibilitet.
4. Må kunne arbeide strukturert og systematisk.
5. Må kunne ta sjølvstendige avgjerder.
6. Vere utadvendt, løysingsorientert og sosial.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter kvalifikasjonar
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Den som vert tilsett må disponere eigen bil og leggje fram godkjend politiattest, jfr. Lov om barnevern § 6-10.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og avtalar.

Me tilbyr
- Intern fagleg rettleiing, høve til kursing og fagleg utvikling.
- Triveleg arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Utlyst dato        20.01.2017                          

Kontaktperson
Anne Fretheim Larsen, Barnevernsleiar, mobil: 95997019, anne.fretheim.larsen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut