A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - 100% stilling som lærar i Vaksenopplæringa

Søknadsfrist 18.09.2017

Me har ledig
100% fast stilling som lærar i Vaksenopplæriga

Arbeidsoppgåver
I hovudsak spesialundervising for vaksne etter opplæringslova §4A-2.
Samarbeid med PPT/ ansvarsteam.
Det kan også vere behov for undervisning av vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og/eller undervisning i grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Då det er mindreårige under opplæring ved Vaksenopplæringa, må søkar kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding i stilling.

Kvalifikasjonskrav
Det er ei føremon med godkjend pedagogisk utdanning/lærarutdanning, i kombinasjon med kompetanse i grunnskulefag som norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag.
Gode IKT - ferdigheiter til bruk i undervisning.
Vidareutdanning i spesialpedagogikk er sterkt ønskeleg, samt norsk som andrespråk og/eller vaksenpedagogikk.
Søkarar med anna relevant utdanning og erfaring kan og søke.

Personlege eigenskapar
Trygg, tydeleg og inkluderande vaksen
God kommunikasjonsevne og samarbeidsevne
Tenke variert og tverrfagleg
Positiv, fleksibel og romsleg
Evne til å sjå eleven sitt potensiale og moglegheiter
Målbevisst og evna til å arbeide sjølvstendig

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket vurdert utifrå utdanning.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Veronika Bjørnerud, Rektor i vaksenopplæringa, mobil: 99297763, veronika.bjornerud@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut