Føremål med tenesta:
Dei som ikkje får dekka sitt daglige behov for pleie og omsorg ved hjelp av heimetenestene kan søke om langtidsopphold på sykehjem.
Før langtidsopphold i sjukeheim vert tilbydd, skal andre aktuelle tenester vere prøvd.
Kven får tenesta:
Korttidsopphald i institusjon kan tildelast personar av ulike grunnar, som funksjonshemmingar og sjukdom må ha auka pleie og omsorg. Dei som ikkje får dekka sitt daglige behov for pleie og omsorg i eigen heim eller i omsorgsbustad. Alle søknadane vert vurdert ved kartlegging av blant anna funksjonsnivå.
I dei fleste tilfeller vil du få tilbod om eit korttidsopphold for å avklare om langtidsopphold i sjukeheim er rett tenestenivå for deg.
Korleis få tenesta:
Tenestetorget har søknadsskjema. Ein kan og få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim, Årdal bu- og omsorgssenter samt på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema med underskrift av søkjar. Du må legge ved fullmakt hvis det er noen som søker for deg.
Kva omfattar tenesta:
- Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. Sjukepleiar er tilgjengeleg ved behov. Om ein sjukepleiar ikkje er på vakt, har kommunen eige bakvaktsordning for sjukepleiarar på institusjonane.
- Ein vil, etter behov, få hjelp til personleg hygiene og av- / påkledning. Stå opp og legge seg. Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk. Tilsyn og fagleg vurdering etter behov.
- Hjelp ved måltidssituasjonar dersom de har trong for dette.
- Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middagsmat, kaffimat og kvelds. Ved behov vil det verte lagt til rette for for mosa mat, ulike diettar m.m.
- Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det.
- Hjelp ved ulike medisinske tiltak etter behov og ordinasjon frå lege som til dømes medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll m.m
- Kontakt med spesialist, helseteneste og tannhelsetenesta ved behov
- Hjelp til planlegging og tilrettelegging ved utskriving til heimen
- Felles arrangement på institusjonen, trim, song, musikk
- Vask av merka private klede i institusjonen. Ein gjer merksam på at kleda vert vaska ved høg temperatur og at ingen handvask vert utført
- Tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering. ADL-trening
- Tilbod om personleg tilpassa tekniske hjelpemidlar og medisinsk utstyr (t.d. rullestol)
Etter ynskje:
- Felles arrangement på institusjonen, trim, song, musikk
- Formidle kontakt med familie
- Formidle samtale med prest
- Hjelp til ein verdig livsavslutning i nær samarbeid med familie, lege og evt. prest.
Kva kan eg forventa av dei tilsette:
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåver som skal løysast.
Pliktar til brukar:
Personar som har fått korttidsopphald pliktar til å merka sine privat klede når ein har fått plass på institusjon.
Pris/kostnad/tilskotsordningar/gebyr:
Eigenbetaling etter faste statlege satsar. Vederlaget inkluderar mat og andre tenester som vert gjeve. Transport blir ikkje dekka av kommunen, men kan søkjast dekning ved NAV.
Når ting ikkje fungerer:
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for institusjonar.
Heimelsgrunnlag:
Dette er en lovpålagt tjeneste. Se kommunehelsetjenesteloven §§ 1-3 og 2-1.
Klage:
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for institusjonane. Her får du råd og rettleiing.
Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
Praktiske opplysningar:
Leiar for institusjonane: tlf. 57 66 50 80
Avdelingssjukepleiar, Årdal sjukeheim 1. etg. : tlf. 57 66 52 52
Avdelingssjukepleiar, Årdal sjukeheim 2. etg. : tlf. 57 66 52 48
Avdelingssjukepleiar, Seimsdal sjukeheim: tlf. 57 66 56 75
E-post: postmottak@ardal.kommune.no