A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lærarar ved grunnskulane

Ledig stilling

Ledige stillingar som lærar ved skulane frå 01.08.2020. Det er både faste stillingar og stillingar i vikariat. Årdal kommune har 2 grunnskular, Farnes skule i Øvre Årdal og Tangen skule på Årdalstangen.
Søknadsfrist 20.04.2020

Arbeidsoppgåver
Stillingane som lærar har arbeidsoppgåver knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget, og oppgåvene kan og vere relatert til særskild miljøarbeid i klassane, i gruppe eller for einskildelevar.
Den som vert tilsett må rekne med å bli pålagt kontaktlæraransvar
 
Kvalifikasjonskrav
For undervisningsstillingar er det krav om godkjent, relevant utdanning ihht. Forskrift til opplæringslova Kap. 14. Me søkjer generelt etter kompetanse innan almenne fag, men skulane har særskild trong for søkjarar med erfaring frå arbeid med einskildelevar, t.d. med kompetanse innan sosialpedagogikk og spesialpedagogikk.
 
Me oppfordrar menn til å søkje.
 
Dei som vert tilsett, må kunne legge fram godkjent politiattest av nyare dato.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.
 
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane er løna etter HTA,  vurdert utifrå utdanning og praksis..
 
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
- løns- og arbeidsvilkår ifl. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
- gode pensjon- og forsikringsordningar (2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta ntakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Jan Kåre Stedje, Rektor, mobil: 91358017, jan.kare.stedje@ardal.kommune.no
Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no