A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lærar i vaksenopplæringa

Ledig stilling

Vaksenopplæringa har ledige vikariat/engasjement som lærar for skuleåret 2018/19.
Søknadsfrist 09.04.2018.

Arbeidsoppgåver
Undervisning av vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.
Undervisning i grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. 
Spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova §4A-2.
 
Kvalifikasjonskrav
Det er ei føremon med godkjent pedagogisk utdanning/lærarutdanning, i kombinasjon med kompetanse i grunnskulefag som norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag. Vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk som andrespråk og/eller vaksenpedagogikk er også teljande. Søkarar med anna relevant utdanning og erfaring kan også bli vurdert.
 
Personlege eigenskapar
Fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil verte vektlagt. 
Me ynskjer ein person som er positiv, sjølvstendig, tålmodig, imøtekommande og inkluderande.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Då det er mindreårige under opplæring ved Vaksenopplæringa, må søkar kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding i stilling.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 09.04.2018.
 
Kontaktperson
Veronika Bjørnerud, Rektor i vaksenopplæringa, mobil: 45979529, veronika.bjornerud@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut