A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kyrkjegardane

Det er no vatn i alle vasspostane på kyrkjegardane.....
Det vert ikkje noko organisert vårdugnad på kyrkjegardane i Årdal i år.....

VATN
Det er no vatn i alle vasspostane på kyrkjegardane. Vatnkanner og hagereiskap kjem på plass i dag (28.04).
For å unngå spreiing av koronaviruset ber me om at alle nyttar hanskar når dei handterar utstyret som er på kyrkjegardane.

DUGNAD
Det vert ikkje noko organisert vårdugnad på kyrkjegardane i Årdal i år. Sokneråda oppmodar difor alle om å ta eit ekstra tak i området rundt gravene dei steller. Rydd gjerne opp kvist, lauv og anna avfall når du besøkjer kyrkjegarden.