Kveld- og nattestengt Seimsdalstunnel, oppdatert 14. januar.
Fylkeskommunen beklagar at det er oppstått feil informasjon om opning og stengingstider når det gjeld kveld- og nattestengt tunnel til Seimsdalen. Siste gjennomkjøyring er kl. 1800 og ikkje kl. 1830. Brosjyra som vart sendt ut i postkassa blir derfor feil når det gjeld den siste gjennomkjøyringa. Dei har no retta detta på heimesida si.
Me oppmodar om å følgje informasjon på nettsida til fylkeskommunen nettside for prosjektet til Seimsdalstunnelen
I samband med nattestenging er det sett opp båt for persontransport i perioden 11.- 25. januar:
frå Årdalstangen, Meieriparken: 18.30-00.30 kvar halve time
frå Seimsdalen, Årebru: 19.00-01.00 kvar heile time
Ekstrasegling om morgonen: kl. 08.00 frå Årdalstangen og kl. 08.30 frå Seimsdalen som eit ekstra tilbod for dei som må hente bil på andre sida.
Vegstenging på dagtid 11.-25. januar.
Buss i rute passerer.
Dag: kl. 06.00-07.00 gjennomkøyring kvar heile og halve time
kl. 07.00-09.00 fri ferdsel
kl. 09.00-15.00 gjennomkøyring kvar heile og halve time
kl. 15.00-17.00 fri ferdsel
kl. 17.00-18.00 gjennomkøyring kvar heile og halve time
Kveld og natt: kl. 18.00-0600 tunnel stengt for all trafikk
Ved Årebru blir det parkering på andre sida av elva, det er ikkje høve til parkering nede ved kaia.
Sjå nettsida til Seimsdalstunnelen for meir informasjon
Smittevern:
Mannskapet på båten M/S Rosesund vil informere passasjerane ved ombordstiging.
Årdal kommune føl FHI sine anbefalingar om bruk av munnbind der avstandskravet på 1 meter ikkje kan overholdast. Dette gjeld kollektivtransport, som båttransporten frå Seimsdalen er.