A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kurs i depresjonsmestring

Kurs i deprisjonsmestring

Kven er kurset for?

Kurs i depresjonsmestring - KID er utarbeida for personar over 20 år som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimert (lett - moderat) på ein slik måte at det går utover livskvaliteten og funksjonsevna. Symptomar kan vere:

  • Fråvær av glede
  • Tilbaketrekking
  • Kjensla av å vera verdilaus
  • Live initiativ
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Tristheit
  • Søvnproblem
  • Uro
  • Grubling
  • Irritabilitet

Kva går kurset ut på?

Kurset er bygd på kognitiv, sosial leæringsteori. Kursdeltakarane vert undervist i å verte merksam på tankane sine og å sjå samanhang mellom tankar og kjensler. Deltakarane får opplæring i bruk av metodar og teknikkar for å vurdere, kjenne att, og endre tanke- og handlingsmønster som opprettheld og forsterkar nedtryktheit / depresjon.
Det er ikkje nødvendig å fortelja om eigne problem i gruppa, men kursdeltakarane må arbeide med desse heime ved hjelp av metodar og teknikkar som læres på kurset. Heimearbeid er ein viktig del av kurset. Kursboka; "Å meistre depresjon" nyttast aktivt også i heimearbeidet.

Målet med kurset:

  • Redusere graden av nedtryktheit / depresjon
  • Redusere varigheita av depresjon
  • Redusera dei negative kjenslene av depresjon
  • Førebygge ny episodar av depresjon

Praktiske opplysningar:

Kurset går over 8 veke, 1 gong a 2.5 timar per veke. Etter kurset er det oppfølgingsmøte etter ca. ein til to månader.
Det er frå 8 - 10 deltakarar deltakarar på kvart kurs. Kurset vert leia av godkjent kursleiar, Unni-Mette Flæthe og May Britt Martinsen.
Kursboka; "Å meistre depresjon" kostar kr. 500, - og må betalast kontant fyrste kursdag.

Kurset startar i veke 2, tysdag 07.01.2020, kl. 16:00 - 18:30 (med atterhald om nok påmelde)
Påmeldingsfrist: 30 november
Kursstad: Aurland Fjordsenter, 2. etasje.

Ta kontakt med Psykisk helse og rus avdelinga i Aurland kommune for påmelding:
Fjordsenteret, 2. etasje
Onstadvegen 25
5745 Aurland
tlf: 959 84 645

Tips ein ven Skriv ut