A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering - vedtak av reguleringsplan for Sløbakken

Planen er endeleg vedteken

Med heimel i § 12-12 i plan- og bygningslova vedtok kommunestyret i Årdal 30.09.2010 i sak 059/10 framlegg til detaljreguleringsplan for Sløbakken. Planframlegget har ikkje blitt endra etter offentleg ettersyn.

Planområdet ligg på den austlege delen av Årdalstangen ferie- og fritidspark, lengst bort frå bekken Lysa. Formålet med planframlegget er å regulere den austlege delen av campingplassen frå camping til konsentrert småhusbebyggelse.

Partar eller andre med rettsleg klageinteresse har høve til å klage på vedtaket, jf. §§ 1-9 og 12-12 i plan- og bygningslova og § 28 i forvaltningslova. Eventuell klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker frå kunngjeringsdato.

Fristar for krav om innløysing av grunn følgjer av § 15-2 i plan- og bygningslova. Fristar for krav om erstatning følgjer av § 15-3 i plan- og bygningslova. Kommunen har innan 10 år etter denne kunngjeringa høve til å gjennomføre oreigning for å sikre gjennomføringa av planen, jf. § 16-2 i plan- og bygningslova.


Sakspapir for reguleringsplan for Sløbakken

Reguleringsplan for Sløbakken

Forslag til reguleringsføresegner for Sløbakken

Planomtale av reguleringsplan for Sløbakken

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut