A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering – Planvedtak

Kommunestyret vedtok i møte 23.10.14 i sak 063/14 Områdereguleringsplan for Mannsbergi og områdereguleringsplan for Torolmen nord.

Planane legg til rette for fortetting av eksisterande hytteområde i Tyedalen med 6 nye fritidsbustader innanfor Mannsbergi og 13 nye fritidsbustader innanfor Torolmen nord.  

Vedtekne planar med dokument ligg tilgjengeleg på internettadressa www.ardal.kommune.no, på tenestetorget på rådhuset og på biblioteket. På førespurnad kan kommunen også sende dokumenta.

Planvedtaka kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova, jf. kap VI i forvaltningslova. Eventuell klage må vere sett fram skriftleg innan 3 veker frå kunngjeringsdato. Klaga må vere grunngjeven, og det må gå klart fram kva endringar ein ønskjer. Kommunen kan gje nærmare rettleiing om framgangsmåte ved klage på planvedtak. Vidare har partar rett til å sjå dokumenta i saka, jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova.

Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg innan 3 år etter kunngjeringsdato, jf. §15-3 i plan- og bygningslova.

Klage skal stilast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller til postmottak@ardal.kommune.no

Rådmannen

Vedlegg:
Områdereguleringsplan for Mannsbergi og Torholmen
Felles risiko- og sårbarheitsanalyse
Skredfarevurdering
Vegetasjonskartlegging Mannsbergi og Torolmen nord
Planomtale Mannsbergi og Torlmen rev-04
Reguleringsplan Mannsbergi A1
Reguleringsplan Torolmen nord A1

 

PS: Dokumenta vil bli oppdatert jf. vedtak i kommunestyret med det fyrste.

Tips ein ven Skriv ut