A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering - planvedtak Sløbakken

I samsvar med §12-12 i plan- og bygningslova godkjende Årdal kommunestyre i møte 2. mars 2017 i sak 004/16 Detaljreguleringsplan for Sløbakken. Planen femnar om eigedommane gnr 27, bnr 251 og 254 på Årdalstangen. Formålet med planen er å legge til rette for etablering av samankjeda bustadeiningar. 

Planvedtaket kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova jf. kap. VI i forvaltningslova. Klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker. Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato jf. kap. 15 i plan- og bygningslova. 

Tips ein ven Skriv ut