A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering; planvedtak - arealdelen av kommuneplan

I samsvar med § 11-15 i plan- og bygningslova vart arealdelen av kommuneplana vedteken den 14.06.2012 i sak 059/12.

Her kan du laste ned:
• Plankart I av II; arealbruk og omsynssoner
• Plankart II av II; omsynssoner – faresoner
• Planføresegner
• Planomtale
• Møtebok

Det vart i tillegg gjort vedtak om at §§ 9 (omdisponering) og 12 (deling) i jordlova gjeld innanfor LNF-områda for spreidd utbygging.

Følgjande soneplaner vart oppheva i samsvar med § 11-17 i plan- og bygningslova:

• Soneplan for Øvre Årdal
• Soneplan for Årdalstangen
• Soneplan for Seimsdalen
• Soneplan for Utladalen
• Soneplan for Fardalen
• Kommunedelplan for Tyedalen

Planområdet

Planområdet femnar om heile kommunen, og erstattar soneplanane/kommunedelplanane for Øvre Årdal, Årdalstangen, Seimsdalen, Utladalen, Fardalen og Tyedalen.

Planen

Planen er utarbeidd med utgangspunkt i fastsett planprogram. Gjennom planarbeidet er arealbruken i vedtekne delplanar og soneplanar samla i ein overordna kommuneplan.
Fokusområda gjennom planarbeidet har vore klargjering av utviklingsstrategiar. Det er lagt inn få nye areal. Gjennom planarbeidet har det vore eit mål å vidareføre fleksibiliteten i soneplanane, samtidig som føringar i nasjonale og regional arealpolitikk vert ivareteken i plana.

Det er utarbeidd følgjande kart:
• Plankart I, med hovudvekt på arealbruk
• Plankart II, med hovudvekt på omsynssoner – faresoner

Arealformåla klargjer kva areal kan nyttast til, medan omsynssonene klargjer kva restriksjonar ein må ta omsyn til. Plankarta er juridisk likeverdige.

Til plana er det utarbeidd planføresegner og retningsliner. Prinsippa i vedtekne føresegner er vidareført, men tilpassa «ny» plan- og bygningslov.

Hovudmålet med planarbeidet har vore:

• Avgrensing av sentrums- og tettstadområda, samt sikring av areal til privat og offentleg service og tenesteyting
• Næringsutvikling som omfattar vidare industriutvikling/utnytting av kraftressursane
• Bustadbygging med spesiell vekt på butilbod for unge i etableringsfasen
• Utvikling utanfor tettstadane
• Tilpassing av planføresegnene

Planvedtaket

Kommunestyret sitt vedtak kan ikkje påklagast.

Tips ein ven Skriv ut