A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering i namnesak 2015/5

Årdal kommune har no fått vedtak frå Statens kartverk på namnesak 2015/5 som gjeld skrivemåten av ein del stadnamn i Årdal, mellom anna skrivemåten av Natvik, Ofredal med fleire. 

Brev frå kartverket med vedtaket og namnesaksskjema 

Dokumenta er og tilgjengeleg på biblioteket og tenestetorget.

Har brukt lang tid
Kommunen bad om namnesak i 2015 for å avklare rett skrivemåte for offentleg bruk før namna vart teken i bruk i adressenamn. Språkrådet gav si tilråding i 2016 og no har Statens Kartverk gjort vedtak med heimel i §7 tredje ledd i lov om stadnamn. Dei beklagar no at saka har teke lang tid.

Kunngjering
Årdal kommune skal syta for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane i kommunen som har klagerett etter § 12 fyrste ledd i lova, og som ikkje er adressatar i brevet. frå kartverket. Jf. § 9 i forskrift om stadnamn. Når vedtaket gjeld skrivemåten av bruksnamn, skal kommunen senda melding om vedtaket direkte til eigarane av bruket og det er i desse dagar sendt ut brev til dei det gjeld. 

Klage og klagefrist
Årdal kommune har sett klagefrist til 1. august. Klagefristen er etter lova tre veker frå meldinga om vedtaket er komen fram til mottakaren. Med stor grad av usikkerheit om kor lang tid det tek i posten er det difor sett god frist for å sikre at alle partar får varsel. 

Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld.

Adresser:
Kartverket, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss, epost: post@kartverket.no

Kopi til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no