A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturvernprisen til Narve Opheim

Kulturvernprisen 2010 vart i år tildelt Narve Opheim. Han fekk prisen utdelt på julemøtet til kommunestyret.
  • 1

Tildeling av kulturvernprisen i Årdal kommune skal skje med begrunnelse innan ein av følgjande kriterium:

• Bygningsvern
• Nærmiljøtiltak
• Bevaring av tekniske innretningar
• Miljøtiltak

Årets pris blir delt ut etter fyrste tildelingskriterium: Bygningsvern.
Inn under kriteriet bygningsvern ligg restaurering/bevaring, veltilpassa nybygg/tilbygg og byggeskikk.
Kunnskap og omtanke er viktige stikkord når ein vil ta vare på eldre bygg. Årets prisvinnar har følgt gode prinsipp for restaurering og bevaring av eldre bygg. Desse prinsippa handler om å bruke mest mogleg opprinnelege teknikkar og same utforming og materialbruk som da huset vart bygd. Det er i Årdal som det er i resten av landet, me har sett fleire døme på at slike gode prinsipp for bevaring er blitt lagt til side eller at eldre bygg er blitt rive for å få plass til noko nytt.

Huset me snakker om er oppført i 1921. På denne tida var tankane om industri og utnytting av kraftressursane framleis på eit tidleg stadium. Folket i Årdal livnærte seg mest av jordbruk, og bortsett frå fjella som omgir oss no òg, såg det heilt annleis ut i Årdal enn det ser ut i dag. 

Ein viktig del av vår felles kulturarv består av eldre bygg som er i vanleg bruk. Desse er overlatt oss av tidlegare generasjonar. Dei hører til vår felles kulturarv, og kvar og ein av oss må hjelpe til og ta vare på denne arven. Dette er ei kjelde til kunnskap, identitet og oppleving – Om korleis det var i Årdal i ei anna tid.
Prisvinnaren er i så måte eit godt føredøme for andre for korleis aktive val, omsorg og kunnskap kan gje rom for ein rik kulturarv og mangfald når det gjeld byggeskikk i Årdalssamfunnet. Prisvinnaren viser at det er mogleg å få ein god levestandard i tråd med tidens krav samstundes som ein tek vare på det opprinnelege.

Me gratulerer Narve med prisen!

 

Tips ein ven Skriv ut