A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturpris/årets årdøl 2018

Forslag til kulturpris og Årets årdøl kan de sende til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller e-post postmottak@ardal.kommune.no
Innan 14. november 2018.

 

Retningslinjer kulturpris/årets årdøl
(Vedteke i 2011)

Årdal kommune sin kulturpris

  • Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid
  • Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.
  • Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.

Årets årdøl

  • Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.
  • Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte/profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.

Alle vert oppfordra om å sende inn grunngjevne framlegg til aktuelle kandidatar. Prisen vert annonsert i lokalpressa. Kommunen kan også sjølv foreslå kandidatar.
Ein av desse, eller begge, prisen kan delast ut kvart år. Tildelinga av prisen vert avgjort i formannskapet og delt ut under kommunestyret sin julemiddag.

Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

Tips ein ven Skriv ut