A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturpris/årets årdøl 2017

Frist for innspel er 17. november 2017.

Innspela skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller
e-post: postmottak@ardal.kommune.no

Kulturpris
1. Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid.

2. Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.

3. Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.

 

Året årdøl
1. Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.

2. Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte/profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.

Alle vert oppfordra om å sende inn grunngjevne framlegg til aktuelle kandidatar. Prisen vert annonsert i lokalpressa. heimesida og Facebooksida til Årdal kommune. Kommunen kan også sjølv føreslå kandidatar.
Ein av desse, eller begge prisane kan delast ut kvart år, og vert tildelt på kommunestyremøte i desember.

Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

Tips ein ven Skriv ut