A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kulturmidlar 2011

Årdal kommune deler ut kulturmidlar til lag og organisasjonar i samsvar med reglar om tildeling av kulturmidlar.

Søknadene skal skrivast på eigne skjema. Søknadsskjema vert lagt ut på Tenestetorget i Rådhuset, biblioteket og under menyvalet elektroniske skjema, men blir òg sendt ut til laga.

Det kan søkjast om grunnstønad, aktivitetsstønad og kursstønad. Det kan og søkjast om stønad til prosjekt (tiltak som går ut over den vanlege aktiviteten i laget) på eige skjema.

Det vert gjeve stønad til vaksenopplæringstiltak utanom skuleverket etter eige regelverk.

Søknadsfrist: 1. april 2011

Tips ein ven Skriv ut