Årdal kommune har to forsamlingshus med stor aktivitet og mange leigetakarar.
- Samfunnshuset på Årdalstangen
- Samfunnshuset i Øvre Årdal
Samfunnshuset på Årdalstangen
Samfunnshuset på Årdalstangen er eit kommunalt kulturhus , der det er blant anna er ein del kontor som brukarar som NAV Årdal, Eldreomsorg, Spesialomsorg og barnevernet, Indre Sogn Sparebank.
Kinoen og Eldresenteret er under ombygging.
Samfunnshuset vert leigd ut til:
- Møterom
- Lokala som eldresentret disponerer på dagtid kan leigast ut på kveldstid og helg for selskap
- Tinging av lokale: Årdal Kommune, tenestetorget, tlf. 57 66 52 20
- Nøklar må hentast i opningstida til Tenestetorget, som er måndag-fredag 07.30-15.00 i tida 15. mai - 1. september, og i tida 07.30 - 15.30 i tida 1. september - 15. mai.
Utleiga er basert på brukarmedverknad (klargjering/oppattrydding).
Samfunnshuset er å finna i Statsråd Evensensveg 4.
Samfunnshuset i Øvre Årdal
Samfunnshuset i Øvre Årdal er eit kommunalt kulturhus med stor aktivitet og mange leigetakarar: Bibliotek, Ungdomsklubb og Eldresenter. Huset er mykje brukt av lag og organisasjonar.
Samfunnshuset vert leigd ut til møte, kurs, konsertar, musikkøvingar, utstillingar, festar og ymse private arrangement.
- Stor festsal med plass til opptil 400
- Møterom
- Lokala som eldresentret disponerer på dagtid kan leigast ut på kveldstid og helg for selskap på ca. 30 personar
- Tinging av lokale: Årdal Kommune, tenestetorget, tlf. 57 66 52 20
- Du hentar nøklar i opningstida til bibliotek
Utleiga er basert på brukarmedverknad (klargjering/oppattrydding).
Samfunnhuset er å finna i Farnesvegen 3.