A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Kreftkoordinator

Kreftkoordinator

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Kreftsjukepleiar Anita Kristin Sviggum er tilstett som kreftkoordinator for Årdal kommune.
Kreftkoordinator har kontor i 1 etg. Rådhus 2 Årdalstangen 
Kontortid: tysdagar i partallsveker og mandagar i oddetallsveker, elles er koordinator tilgjengeleg på tlf:  40 41 07 99

Kva kan kreftkoordinator hjelpa med?
• Vere ressursperson for den som er kreftråka og deira pårørande
• Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved  livets slutt
• Vere ein samtalepartnar som kan hjelpa å sortera tankar i ein vanskeleg situasjon
• Vere bindeledd mellom pasient, fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunene, og formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar
• Koordinera og tilretteleggje kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best mulig måte
• Heimebesøk til pasient og pårørande
• Vere ein støttespelar for born og unge som er ramma av kreft eller er pårørande av besteforeldre, føresette eller syskjen med kreft
• Informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Tilbodet er gratis.

Her kan de lasta ned brosjyra "Når alvorleg sjukdom rammar...."

Tips ein ven Skriv ut