Korttidsopphald i institusjon

Føremål med tenesta:
For å hjelpa personar som har behov for omsorg og pleie i ein kortare periode, kan Eldreomsorga i Årdal kommune gje tilbod om korttidsopphald på institusjon.

Kven får tenesta:
Korttidsopphald i institusjon kan tildelast personar av ulike grunnar, som funksjonshemmingar og sjukdom må ha auka pleie og omsorg.
 
Korleis få tenesta:
Tenestetorget  har søknadsskjema. Ein kan og få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim, Årdal bu- og omsorgssenter samt på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema med underskrift av søkjar.
 
Det er høve til å søkja nytt dersom situasjonen endrar seg.
 
Kva omfattar tenesta:
  • Omsorg og fagleg kompetanse heile døgnet. Sjukepleiar er tilgjengeleg ved behov. Om ein sjukepleiar ikkje er på vakt, har kommunen eige bakvaktsordning for sjukepleiarar på institusjonane.  
  • Ein vil, etter behov, få hjelp til personleg hygiene og av- / påkledning. Stå opp og legge seg. Hjelp til dusj/bad, toalettbesøk. Tilsyn og fagleg vurdering etter behov.
  • Hjelp ved måltidssituasjonar dersom de har trong for dette.
  • Daglege måltid: frukost, frukt/saft formiddag, middagsmat, kaffimat og kvelds. Ved behov vil det verte lagt til rette for for mosa mat, ulike diettar m.m.
  • Hjelp ved middagskvil for dei som ynskjer det.
  • Hjelp ved ulike medisinske tiltak etter behov og ordinasjon frå lege som til dømes medikamentutdeling, injeksjonar, sårstell, stomistell, kateterstell, blodprøvetaking, blodtrykkskontroll m.m
  • Kontakt med spesialist, helseteneste og tannhelsetenesta ved behov
  • Hjelp til planlegging og tilrettelegging ved utskriving til heimen
  • Felles arrangement på institusjonen, trim, song, musikk
  • Vask av merka private klede i institusjonen. Ein gjer merksam på at kleda vert vaska ved høg temperatur og at ingen handvask vert utført
  • Tilbod om fysikalsk behandling/trening etter fagleg vurdering. ADL-trening
  • Tilbod om personleg tilpassa tekniske hjelpemidlar og medisinsk utstyr (t.d. rullestol)
Etter ynskje:
  • Felles arrangement på institusjonen, trim, song, musikk
  • Formidle kontakt med familie
  • Formidle samtale med prest
  • Hjelp til ein verdig livsavslutning i nær samarbeid med familie, lege og evt. prest.
 
 Kva kan eg forventa av dei tilsette:
At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At dei held teieplikta si.
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåver som skal løysast.
 
 
Pliktar til brukar:
Personar som har fått korttidsopphald pliktar til å merka sine privat klede når ein har fått plass på institusjon.
 
  
Pris/kostnad/tilskotsordningar/gebyr:
Eigenbetaling etter faste statlege satsar. Vederlaget inkluderar mat og andre tenester som vert gjeve. Transport blir ikkje dekka av kommunen, men kan søkjast dekning ved trygdekontoret.
 
 
Når ting ikkje fungerer:
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for institusjonar.
 
 
Heimelsgrunnlag:
 Dette er en lovpålagt tjeneste. Se kommunehelsetjenesteloven §§ 1-3 og 2-1.
 
Klage:
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for institusjonane. Her får du råd og rettleiing.
 
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.


Praktiske opplysningar:

Leiar for institusjonane tlf. 57 66 50 80
Avdelingssjukepleiar, Årdal sjukeheim 1. etg. tlf. 57 66 52 52
Avdelingssjukeplear, Årdal sjukeheim 2. etg. tlf. 57 66 52 48
Avdelingssjukepleiar, Seimsdal sjukeheim tlf. 57 66 56 75

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS