Føremålet med tenesta.:
Dag-opphald ved Årdal Bu og Omsorgssenter (ÅBO) kan tildelast personar som for ein periode treng sosial stimulering og noko hjelp og/eller tilsyn.
Ved dag-opphald mottek tenestemottakar tilsyn og hjelp i tillegg til sosial stimulering og samvere.
Tenestemottakar har høve til å delta på alle aktivitetar og arrangement som vert halde ved ÅBO.
Kven får tenesta:
Målgruppa er menneske som for ein periode treng sosial stimulering og noko hjelp og/eller tilsyn.
Korleis få tenesta:
Tenestetorget har søknadsskjema. Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal Bu – og Omsorgssenter.
Søknadsskjema er lagt ut på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema.
Kva omfattar tenesta:
Dag-opphald ved ÅBO er ei individuell tilrettelagt teneste, som vert tildelt i tidsrommet mellom kl. 07.30 og kl. 19.00.
Omsorgstenestene legg vekt på individuell tilpassing av dag-opphaldet for den enkelte tenestemottakar, slik at tenestemottakar sjølv avgjer når han vil kome til ÅBO, og når han vil reise att.
Forplikting for brukar:
Det er viktig at tenestemottakar gjev melding til personalet/avdelingsleiar ved ÅBO om kva klokkeslett han ynskjer å ha dag-opphald ved ÅBO.
Tenestemottakar er sjølv ansvarleg for transport til/frå dag-opphald ved ÅBO.
Tenestemottakar må også avtale med personale/avdelingsleiar ved ÅBO dersom han ynskjer å kjøpe eit eller fleire måltid pr. dag. Dette må avklarast om lag ei veke før dag-opphaldet skal setjast i verk.
Kva kan eg forvente av dei tilsette:
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte
At dei held teieplikta si
At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast
Pris/kostnad/tilskotsordningar:
Heimelsgrunnlag for tenesta:
Forvaltningslova § 2b
Når ting ikkje fungerer:
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for heimesjukepleia, tlf. 57 66 50 81.
Klage:
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimesjukepleia på tlf. 57 66 50 81 . Her får du råd og rettleiing.
Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
Praktiske opplysningar:
Leiar Heimesjukepleia: tlf. 57 66 50 81