A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Korona: Informasjon til pårørande og besøkande på sjukeheimane og Årdal bu og omsorgssenter

Korona viruset_225x155

Dersom du har feber, hoste eller har andre luftvegssymptomer som ved koronainfeksjon (covid-19) eller influensa, ynskjer me at du ikkje besøker pasientar på sjukeheimane/ ÅBO.
Det same gjeld dersom du dei siste 14 dagene har vore utanfor Norden, då er det 14 dagar karantene.

Årdal kommune har frå i dag 12.03.20 innført besøkslogg på sjukeheimane /ÅBO der me ber alle som er innom å skriva seg inn, Dette for å ha oversikt over kven som har vore innom desse stadane ved ein evt smitte.

Besøkande skal vere mest muleg inne på pasienten sitt rom, og ikkje i fellesarealet.

Tiltaka er sett i verk for å beskytta våre pasientar/bebuarar som har auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp dersom dei vert smitta.

Me ber alle respektera desse retningslinjene.