A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Korona - informasjon om vaksinasjon og testing

Korona viruset_225x155

Årdal startar vaksinering for korona denne veka og sjukeheimane er først ut.

Koronavaksinasjon

Dei som er prioritert for tilbod om koronavaksinasjon vil verte kontakta direkte. Me ber om at de ikkje ringer til legekontoret eller helsestasjonen for å få avtale tid.

Koronatesting

Ynskjer du å ta koronatest så må du ringe legekontoret på telefon 57 66 53 90. Opningstid på telefon er kl. 08.00-12.00 og 13.00-14.30. Legekontoret tek imot bestillingar fram til kl. 12.00. 

Testinga skjer i Øvre Årdal i kjellaretasjen på Helsehuset kl. 13.00. Ved kontakt etter kl. 13.00, vert det sett opp testing neste dag.