
Kontroll av beltebruk og refleks
Fredag hadde Årdal lensmannskontor kontroll på skulebussane i Årdal. Fokus var retta mot elevane sin bruk av setebelte. Her var resultatet ikkje så aller verst, men her finst sjølvsagt eit forbetringspotensiale.
Det vart likeeins gjort ein del observasjonar på bruken av refleks på skulevegen. Til trass for at dei fleste elevane har fått opp til fleire refleksar på skulen, var bruken heller dårleg. Tangen skule oppfordrar derfor alle føresette om å sjå til at refleksane kjem opp av skuffer og skap. Sidan vi alle er opptekne av at elevane skal ha det trygt på skulevegen, gjer vi dei komande dagane ein felles innsats for å auke bruken av refleks.
