A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Konstituerande kommunestyre 17. oktober

Ordførar Arild Ingar Lægreid har i dag sin siste dag som ordførar i Årdal etter 17 år i vervet.

I dag, 17. oktober, er det konstituerande kommunestyremøte og dei nye folkevalde skal starte neste 4-års periode.
Ordførar Arild Ingar Lægreid går av etter 17 år som ordførar i kommunen og kan no tre inn i pensjonistlivet. Me ynskjer han masse lukke til med ny kvardag.

Møtet startar kl. 12.00 i kommunestyresalen og første saker er val av formannskap, ordførar og varaordførar før andre val og saker vert handsama.

Sakliste:
094/19 Godkjenning av innkalling og signering av møteprotokoll
095/19 Referatsak
096/19 Godkjenning av Kommune- og Fylkestingvalet 2019
097/19 Val av formannskap 2019 - 2023
098/19 Val av ordførar 2019 - 2023
099/19 Val av varaordførar 2019 - 2023
100/19 Val av kontrollutval 2019 - 2023
101/19 Val av representantar til Vestland  Revisjon KO 2019 - 2023
102/19 Val av politisk representant Årdal Eldreråd 2019 - 2023
103/19 Val av politisk representant Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2019 - 2023
104/19 Val av politisk representant til Ungdområdet 2019 - 2023
105/19 Val av representantar til nasjonalpark- og verneområdstyra 2019 - 2023
106/19 Val av kontaktpersonar til vassregionutval og vassområdeutval 2019-2023
107/19 Val av representantar til KS 2019 - 2023
108/19 Val av valnemnd 2019 - 2023
109/19 Val av representantar til SIMAS
110/19 Uttale struktur på forliksråd i Sogn og Fjordane
111/19 Videoløysing for streaming av politiske møter
112/19 Prosjektmandat nybygg Tangevegen 14
113/19 Startlån-søknad og tildeling 2019
 
Tips ein ven Skriv ut