A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Konserten fleirstemt med vokalensemblet SPIR

  • 1

Vokalensemblet SPIR kjem denne helga til Sogn og held konserten Fleirstemt i Farnes kyrkje i Øvre Årdal, laurdag 22. januar kl 18.00. Det er eit eineståande høve for Årdøler til å få oppleva vakker sakral vokalmusikk framført av dyktige songarar på heimebane.

I Vokalensemblet finn ein songaren Bjørn Gisle Seter, som er distriktsmusikar i Sogn, og songarane Synnøve Nordvik, Eli Yksnøy, Tore Kloster og Åsne Kvamme frå Sandane, Drammen og Bergen. Dette er profesjonelle songarar med utdanning fra Royal Academy of Music(London), Konservatoriet i København, Norges Musikkhøgskole, Griegakademiet og Barrat Dues Musikkinstitutt, og dei kan syne til omfattande verksemd som songarar.

Dei har mellom anna hatt solistoppdrag med Bergen Filharmoniske orkester, Den nye Opera og Opera Nordfjord, samt turnert for Rikskonsertene. Med konserten ønskjer SPIR å skapa ei stemningsfull og heil musikkoppleving, spunne rundt vokalmusikk frå ulike tidsepokar. Messa står sentralt i konserten. Ein får høre messeledda Kyrie, Gloria og Sanctus tonesett av tre ulike komponistar. Den spanske Victoria fyller tekstane med rytmikk, medan den danske komponisten Buxtehude følgjer ein strengare, protestantisk stil. Paul Patterson kler tekstane i vår tids tonespråk.

Songarane gjer og polyfone improvisasjonar over nokre av de same tekstledda, og over kjende norske melodiar og folketoner. Folkesongaren Kari Malmanger medvirker på konserten med vakker fremføring av norske folketonar. Konserten er støtta av Fond for utøvende kunstnere og Norges korforbund. Den arrangeres i samarbeid med distriktsmusikarane i Sogn.

Tips ein ven Skriv ut