A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Konsert med ASVO bandet

Kulturskulen har den store gleda av å arrangere ein flott konsert med sjølvaste ASVO- bandet! Det består av mange song- og musikkglade menneske som har sitt daglege arbeid på Indre Sogn ASVO. Dei har førebudd seg godt og lenge og gler seg stort til å syne publikum kva dei har øvd på sidan i fjor haust!
  • 1

Noko av det som er spesielt med ASVO- bandet er at dei har øvingstida si midt i arbeidstida! Bedrifta dei jobbar i har lagt alt til rette med eige og godt utstyrt musikkrom som gjer at undervisninga kan haldast i arbeidstida då alle er til stades. Alt ligg dermed godt til rette for musikklærar John Erik Rode frå kulturskulen, når han kvar fredag kjem til ASVO for å ha ein musikktime der. I denne musikktimen er det fokus på song, dans, bevegelse og samspel. Samarbeidet mellom Indre Sogn Asvo og kulturskulen har vore svært fruktbart og vellukka, og framgangen har vore så god at dei etter kvart har vorte klare for å arrangere sin eigen konsert!

Konserten vert arrangert i samband med fylkeskommunen sitt 250-års jubileum, saman med Årdal Sogelag. I tillegg til ein mini-konsert med ASVO-bandet, vil sogelaget fortelja om dei funksjonshemma sine vilkår og utvikling frå etterkrigsåra og fram til i dag, ei historie som kanskje ikkje er så kjend for alle, men som både er interessant og viktig for oss alle å vite noko om.

Kulturskulen har fleire elevar frå same målgruppe som har danna eigne samspelkonstellasjonar. Av desse er mellom andre bandet ”Englane”, som består av Kenneth Gjervik på gitar og Erling Hope på trommer, og dei har i tillegg med seg lærarar frå kulturskulen i bandet sitt, Laila Asperheim og Ketil Thorbjørnsen. To elevar frå vidaregåande skule vil også syne fram det dei har øvd på i musikktimane sine med musikklærar Ketil og musikkterapeut Laila.

Det er altså duka for ein flott og variert konsert med musikalske, sjarmerande og gledesstrålande aktørar, og saman med Sogelaget sitt gode arbeid og interessante framstilling, vert dette ei minneverdig og flott framsyning. Her er det berre å møte opp og støtte opp om det meiningsfylte arbeidet som vert gjort, og kose seg den vesle timen som konserten varar!

Konserten finn stad i Årdal Kulturhus, 24. april kl 18.00.

Kjøp billettar på vår elektroniske billettløysing eller i døra ein time før framsyning.

Tips ein ven Skriv ut