A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kompetanseprisen 2010

  • 1

Kommunestyret delte i dag ut kompetanseprisen for 2010 til Heimehjelp og Årdal sjukeheim.

Irene Sanden, leiar for heimehjelp og Maria Styve Stokstad, avdelingsjukepleiar på pleie/dement ved Årdal sjukeheim tok imot prisen.

Juryen legg vekt på at kompetansehevinga  samsvarar med kommunale mål om ei god eldreomsorg der flest mogleg skal få bu heime så lenge som mogleg. Kompetanseheving som kan bidra til at auka hjelpebehov vert avdekka tidleg, er med på å sikre tryggleiken til tenestemottakarar og tilsette i tenesta. God kompetanse innan demensomsorg i alle delar av  tenesta er ein viktig føresetnad for å kunne yte tenester av god kvalitet. Juryen legg også vekt på at eit relativt høgt tal tilsette har delteke i opplæringa.

Tips ein ven Skriv ut