A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kompetansepris 2011 tildelt barnehagane

Barnehagane i Årdal fekk i dag tildelt kompetanseprisen for 2011.
  • 1

Kommunestyret opna møtet med å tildele kompetanseprisen til barnehagane i Årdal i dag.

For å stimulere til auka innsats og interesse for kompetanseheving i Årdal kommune, vedtok Arbeidsmiljøutvalet, som kompetanseutval, å oppretta ein kompetansepris på kr 25.000,-. Prisen vert utdelt kvart år til den arbeidsstaden som har utmerka seg i høve dette arbeidet.

Kompetanseutvalet vedtok i møte 29. februar 2012 å tildela prisen for 2011 til barnehagane i Årdal kommune for å ha gjennomført målretta kompetanseheving i 2011.

Juryen legg vekt på at kompetansehevinga samsvarar med kommunale mål om ei god leiarutvikling med kvalitetsutvikling og betre praksis i alle dei seks barnehagane til kommunen. Det involverer alle tilsette og det set systematisk fokus på dei ulike sider ved arbeidet med born og føresette. I tillegg er det forpliktande at alle barnehagane deltek og legg fram resultat for kvarandre. "Leiing og kvalitet i barnehage" går rett inn i statlege styringssignal om kvalitet i barnehagane.

 

Tips ein ven Skriv ut