A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommunestyret har møte 17. oktober

Kommunestyret har møte torsdag 17. oktober kl. 12.00 i kommunestyresalen.

Saker som skal handsamast er mellom anna:

Uttale til Nasjonal transportplan
Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt planframlegg til regional transportplan (RTP) for Sogn og Fjordane 2014-2017(23) på høyring. Planframlegget består av ein analyse- og utfordringsdel og eit handlingsprogram. 

Busetjing av flyktningar
Det er stort behov for busetjing av flyktningar, per april venta 4400 godkjente flyktningar i statlege mottak på tildeling av busetjingskommune. Kommunestyret handsama saka i april i år, men sendte den i retur til administrasjon for nærare utgreiing.

Sal av kommunale eigedomar
Kommunestyret må ta stilling til om fleire av dei kommunale eigedomane skal leggjast ut for sal. 

Organisering av eigedomsforvaltninga
Skal det etablerast kommunalt føretak (KF) eller skal kommunen drive eigedomsforvaltninga sjølve?

Økonomisk rapport
Netto driftsutgifter syner i høve vedlagte rapport eit mindreforbruk på om lag kr 5,1 mill. 
Reelt mindreforbruk vert om lag kr 2,5 mill., når ein tek omsyn til inntektsmidlar utover 
budsjett (t.d.bruk av fond). Desse nemnde midlane er pr. 31.08.13 ikkje fullt ut kostnadsført i 
driften.  
Med det talmaterialet som ligg føre pr. 31.08.13 vurderar rådmannen det slik at Årdal 
kommune truleg vil oppnå rekneskapsbalanse i 2013. 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut