A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommunestyremøte 24. november

Rådhuset

Kommunestyret har ordinært møte torsdag 24. november kl. 12.00 i kommunestyresalen.

Saker som skal handsamast på dette møtet er, kort oppsummert; 

082/16 Godkjenning og signering av møteprotokoll

083/16 Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal
Saka gjeld slutthandsaming av Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen. Planen femnar om eit areal på om lag 15 daa som er lokalisert mellom anlegget til Hydro i Øvre Årdal, elva Utla og dei kommunale vegane Jens Davidsons veg og Verksvegen. Utbyggingsområda i planen er sett av til forretning, industri og kommunalteknisk anlegg.

084/16 Plan for skulehelsetenesta 2016 - 2020 Årdal kommune
Kommunen skal ha ein plan for den kommunale helsetenesta, med delplanar for helsestasjons- og skulehelsetenesta. Denne planen er ein revisjon og oppgradering av Handlingsplan for skulehelsetenesta 2012 – 2016.

085/16 Strategisk næringsplan 2017 – 2020 for Årdal kommune
Strategisk næringsplan har vore igjennom tung rullering, og vert no lagd fram for kommunestyret for endeleg vedtak
Minst ein gong i kvar valperiode, skal kommunen ha utarbeidd og vedteke ein Strategisk Næringsplan (tung rullering). Strategisk Næringsplan (SNP) er ein 4-årig kommunedelplan som er ein arbeidsreiskap for politikarar og administrasjon. 

086/16 Finansiering breibandutbygging øvre Seimsdal og Fardalen
Kommunen har fått tildelt midlar frå ”Breibandsløftet Sogn og Fjordane 2016” til utbygging av breiband i «øvre» Seimsdal (frå Asperheim) og Fardalen. 

087/16 Kommunal planstrategi 2016 - 2020 for Årdal kommune
Kommunen har utarbeidd kommunal planstrategi. Det er innhenta synspunkt til planstrategien gjennom høyring av utkastet. Saka gjeld slutthandsaming og godkjenning av den kommunale planstrategien. 

088/16 Nærpolitireforma - uttale frå Årdal kommunestyre
Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er invitert til høyring om politimeisteren sitt framlegg til endring av tenestestad- og tenesteeiningsstruktur i Vest Politidistrikt.  

089/16 Høyringsfråsegn - drøfting av sentrale sider rundt intensjonsavtalen
Fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har utarbeidd ein «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland». «Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland» er lagd ut på høyring av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Målet med høyringa er: «å få inn grunngjevne synspunkt, tydelege argument og konstruktive innspel til arbeidet med regionreforma.» 

Møtet er ope for ålmenta.

Fullstendig oversikt på sakene med vedlegg.

Tips ein ven Skriv ut