Kommunestyremøte 18. desember

Siste kommunestyremøtet i 2014 er torsdag 18. desember.

Program for møtet:
Kl. 11.00 Kommunestyremøte startar
Kl. 12.00 Lunsj i kantina
-    Utdeling av pris til Årets Årdøl og Kulturprisen
-    Underhaldning frå musikkskulen
Kl 12.45 Kommunestyremøtet startar igjen

Sakliste

070/14    Godkjenning og signering av møteprotokoll    
071/14    Referatsaker

  • Referat frå synfaring etter flaumen 28.oktober 2014
  • Status helsehuset - 10.12.2014
  • Statusoppdatering Flyktningområdet

072/14    Arbeidsgjevarpolitikk i Årdal kommune - rullering av strategisk plan for perioden 2015 - 2018
Kommunestyret skal vedta ny arbeidsgjevarpolitikk for perioden 2015-2018. Arbeidsgjevarpolitikken skal gje politikarane, leiarar og tilsette tydlege føringar om kva haldningar, handlingar og verdiar arbeidsgjevar praktiserer og står for i sitt forhold til tilsette i kommunen.

073/14    Lett rullering av Idretts- og anleggsplan 2014    
Prioritering av anlegg til søknad om tippemidlar.

074/14    Høyring - framlegg om å oppheva Konsesjonslova og buplikt 
Landbruks- og matdepartementet tilrår å oppheve Konsesjonslova og bestemmingar i Odelslova som gjeld buplikt. Konsesjonslova gjev bestemmingar om at den som overtek ein eigedom må få løyve frå det offentlege for å vere eigar. Vert lova oppheva gir storsamfunnet frå seg muligheiter til vern av viktige fellesgode. Endringane i Odelslova vil føre til at alle reglar om buplikt blir oppheva.

075/14    Strategisk næringsplan for Årdal 2015-2018, handlingsplan 2015
Godkjenning av Strategisk næringsplan 2015 og 2018, og handlingsplan 2015.
  
076/14    Årdal Energi KF - årsbudsjett 2015
Godkjenning av årsbudsjett 2015 for Årdal Energi KF.

077/14    Styringsdokument FDV
Godkjenning av styringsdokument og handlingsplan.

078/14    Økonomisk Rapportering 2014 - pr oktober m/prognose
Det rekneskapsmessige mindreforbruket (overskotet) er på om lag kr. 5,2 mill i høve periodisert budsjett pr. 31.10.14.

079/14    Budsjettendringar investeringsbudsjett 2014
Inntektsrammene og bevilgningane i kommunen sitt vedtekne investeringsbudsjett er ikkje i samsvar med dei inntekter og utgifter som er planlagt, og det må gjerast budsjettendring i høve gjeldande regelverk.

080/14    Prosjektmandat nedbemanning    
Godkjenning av prosjektmandat for prosjektgruppa nedbemanning.

081/14    Budsjett 2015 - Økonomi og handlingsplan 2015 - 2018
Formannskapet sitt budsjettframlegg for 2015 og økonomi- og handlingsplanen for 2015-2018 ligg ute til offentleg ettersyn til 16.desember. Kommunestyret skal slutthandsame saka.
    
082/14    Tilsetjing i stilling som rådmann    U.off. §25

 

Tips ein ven Skriv ut