A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommuneplan for Årdal kommune - Samfunnsdelen 2019 - 2023

Planprogram 2019 - 2023

Planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel 2019 - 2023 blir lagt ut til offentleg ettersyn.
Merknader til planprogrammet sendast skriftleg innan 04.05.2018.

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-13 vart det den 15.02.2018 i Fsak 020/18 gjort vedtak om å legge planprogram for revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel ut til offentleg ettersyn.

Planprogrammet ligg ute til offentleg ettersyn på heimesida til Årdal kommune, på rådhuset på Årdalstangen og på biblioteket i Øvre Årdal i perioden 05.03.2018 til 04.05.2018.

Merknader til planprogrammet kan sendast skriftleg til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller til postmottak@ardal.kommune.no, innan 04.05.2018.
 

Vedlegg: Planprogram samfunnsdelen 2019 - 2023

-Rådmannen

Tips ein ven Skriv ut