Det er ein flott kinosal som no vert tilgjengeleg for kinoentusiastar. 166 gode stolar, god lyd og ikkje minst muligheit for å kjøpe popcorn. Alt teiknar for at det skal bli ei flott kinooppleving for årdølene framover.
Eiga heimeside til kinoen er under arbeid og det vil på denne verte høve til å kjøpe billettar elektronisk. Heimesida vert lansert før 19. januar.
Torsdag 19. januar kl. 18.00 er det prøveframsyning med inviterte gjester.
Fredag 20. januar - søndag 22. januar startar den første filmhelga på mange år og det er høve til å sjå film både for born og vaksne. Laurdag spanderer Indre Sogn Sparebank gratis inngang til alle på samtlege førestillingar.
Årdal kino kjem til å ha faste kinodagar torsdag og søndag.
Men, det vert òg lagt opp til filmhelger dersom behov for det, seier kinoansvarleg Gunnvor Haug Moen. Me får prøve oss fram no i byrjinga og sjå kva interesse det er for kinoen. Er det ein film du meiner me bør ha med i programmet så meld det inn til oss, kanskje me klarar å få den med.
Billettar til gratisframsyningane kan hentast på tenestetorget på rådhuset og biblioteket frå tysdag 17. januar.
Filmhelg Årdal kino
| Film |
Dag |
Tid |
Sensur |
Pris |
|
Varg Veum - "De døde har det godt"
Premiere!!
Offisiell opning ved ordførar før filmen
|
Fredag 20. |
18.00 |
ikkje avklart før nærmare premieredato |
90,00 |
| Varg Veum - "De døde har det godt" |
Fredag 20. |
21.00 |
|
90,00 |
| Ole Brumm (1 t. 9 min) |
Laurdag 21. |
14.00 |
Alle |
gratis |
| Ole Brumm |
Laurdag 21. |
16.00 |
Alle |
gratis |
| Twilight - breaking dawn, del 1 (2 t.) |
Laurdag 21. |
18.00 |
11 år |
gratis |
| The Girl with the Dragon Tatoo |
Laurdag 21. |
21.00 |
15 år |
gratis |
| Knerten i knipe (1 t. 11 min) |
Søndag 22. |
15.00 |
Alle |
70,00/90,00 |
|
Løvenes Konge (1t 30 min.) obs! dette er 3D-film
|
Søndag 22. |
17.00 |
7 år |
110,00/120,00 |
| Barnepiken (2t 26. min) |
Søndag 22. |
20.00 |
7 år, anb. u/v |
90,00 |
Prisar:
Barn kr. 70,00
Barn kr. 110,00 for 3D-film
Vaksen kr. 90,00
Vaksen kr. 120,00 for 3D-film