A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Bustad og eigedom/Kart

Kart og oppmåling

Hovudoppgåva til kart- og oppmålingstenesta er å sørge for at nødvendig og rett geografisk informasjon er tilgjengeleg for publikum, politikarar og saksbehandlarar. Dette blir gjort gjennom ajourhold av kart og oppdatering av Matrikkelen.

  • 1

Arbeidsområda til kart- og oppmålingstenesta er i all hovudsak følgjande:<<<<

  • Frådele og måle opp nye egiedomar som skal oppretteast etter delingsloven/matrikkelen
  • Justere grenser mellom eigedomar
  • Påvise eigedomsgrenser etter målebrev
  • Etablere fastmerker for å kvalitetssikre målearbeidene
  • Seksjonere eigedomar
  • Samanføye eigedomar
  • Oppdatering av Matrikkelen
  • Vedlikehalde kommunalt kartverk
  • Eigedomsopplysningar

 
Matrikkelen er det nasjonale registeret over all fast eigedom i Norge. Det inneheld opplysningar om grunneigedom, adresser og bygningar. Matrikkelen er heimla i Lov om eigedomsregistrering (matrikkelloven). Den er delvis tredt i kraft og vil heilt erstatta delingslova og signallova. Statens kartverk blir gjennom lova gitt rolla som sentral matrikkelmyndigheit, men kommunen blir gitt rolla som lokal matrikkelmyndigheit.

Eigen kartportal
Årdal, har i samarbeid med kommunane i Sogn regionråd, utvikla eigen kartportal. I portalen får du tilgang til grunnkart, flyfoto, reguleringsplanar m.m.

Gå inn på www.sognekart.no og du får tilgang til kartinformasjon for Sognekommunane.

Tips ein ven Skriv ut