A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå ordføraren

Det nærmar seg slutten på eitt merkeleg år med ein pandemi som har sett heile verda i unntakstilstand og konstant beredskap frå 12. mars.Jul

Eg vil rose årdølene for måten alle har handtert dette i dei ni månadane sidan landet blei stengt ned. Me har hatt svært lite smitte i Årdal, og det er tydeleg at Covid-19 har vorte teke på alvor av innbyggarar og næringsliv.

Det har for kommunen vore viktig at dei til kvar tid gjeldande reglar må fylgjast, og der har kommune og næringsliv samarbeida godt.

Eg vil gjerne få rose alle tilsette og særleg innan helse, omsorg, bu-og miljø, skule, barnehage og SFO for den innsatsen dei har lagt ned. Desse har kjent dette på kroppen sidan 12. mars, og har vore særs viktige for at  kommunen kunne halde oppe sine tenestar. Me har mykje å takke våre tilsette for. Dei har halde hovudet kaldt og hjarta varmt !!

Industrikommunen vår har hatt eit bra år til tross for etterdønningane i marknaden etter Covid-19. Utviklinga har vore god, sjølv om nokre i leverandørindustrien har måtte gå til permitteringar. Reiselivssatsinga ser bra ut, og ligg an til betring år for år, investeringar som er gjort rundt turistsatsinga frå næringslivet kan ein ikkje gå forbi i stillheit. Den har og vore avgjerande for den auka turismen me såg i sommar, ilag med dugnaden me såg rundt turistinformasjonen. Satsinga rundt SITEP og Årdal Teknologipark blir spanande å følgje vidare og vil vere med å styrke den vidaregåande skulen vår. I desse dagar kan de fylgje framdrifta på bygginga av Teknologiparken. Det er godt å ha med seg inn i eit nytt år.

17. desember hadde kommunestyret sitt siste møte dette året. Det er lagt eit ganske stramt budsjett for 2021, og ein økonomiplan som legg føringar for store investeringar frå 2021-2024. Den klart største ligg i å bygga ny sjukeheim. Me startar opp planlegginga av dette i 2021. Det vil komme fleire som treng sjukeheimsplassar i Årdal fram mot 2029.
Sidan var idretts- og anleggsplanen, og Sjøfronten dei to andre satsingane eit samrøystes kommunestyre vart einige om.

Utfordringa for Årdal er at me ser at folketalet går nedover år for år. Statistisk Sentralbyrå (SSB) har prognose på at Årdal i 2030 vil ha cirka 4700 innbyggarar, og i 2040, cirka 4200 innbyggarar. Politikarane i Årdal vil inngå eit veddemål med SSB på at dei tek feil, i tråd med kommunedirektøren sine satsingar, der me no vil starte ein forstudie og forprosjekt, for eit omdøme- og rekrutteringsprosjekt. Dette for å få folk til å bli kjent med Årdal - med alt det positive det medfører. Det viktige arbeidet med å få nye statlege arbeidsplassar til Årdal er og starta opp, ilag med Årdal næringssamskipnad og lokalt næringsliv.  

Som ordførar er eg så heldig at eg dagleg får høve til å treffa mange flotte menneske med eit stort engasjement for lokalsamfunnet vårt. Dette er innanfor frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre med lokalt engasjement. For ordføraren har det vore viktig å møte bidragsytarane i den kommunale tenesteytinga for å lære. I fjor var eg med eldreomsorg og lærte mykje over to dagar. I år var eg med på renovasjonsbilen i to dagar. Svært interessant å fylgja verdikjeda av restavfallet, og i løpet av to dagar blei det samla inn 19 tonn restavfall til brenning i Geithus. I løpet av det nye året vil eg vere innom skule, barnehage og SFO, bu- og miljøtenesta og vaktmeistertenesta.

Korona
Om statusen på Korona endrar seg i julehøgtida vil kommunen legge ut informasjon fortløpande på heimesida si. Per i dag er situasjonen under kontroll. Kommunen førebur vaksinering av innbyggarane men førebels er det ikkje klart kor mykje eller når me får vaksinen. Personar i målgruppa vil fortløpande få melding om vaksinering.

Sjølv om situasjonen i Årdal er avklart per i dag, og me no ventar på vaksine, er det ingen grunn for oss til å sleppe ned skuldrane og bli uvørne i forhold til smittevernråda. Julehøgtida er ei tid der familien står i høgsete og det er vondt at ein ikkje kan vere saman på same måte som ein pleier. Eg forventar likevel at alle held smittevernråda som er laga for ei trygg julefeiring. Berre slik kan ein hindre at smitten aukar i kommunen og at strengare tiltak blir nødvendig etter jul. Avgrens det totale tal menneske du har sosial kontakt med gjennom heile juleperioden og ikkje minst no i førjulstida. Ta ein telefon til menneske som du kjenner og som kanskje blir sittande aleine i julehøgtida. Mange er aleine og får ikkje besøk av sine nære denne gongen. Syn omtanke for kvarandre. Hald avstand, vask hendene og ver heime om du er sjuk slik at alle får ei trygg julefeiring.

Eg ynskjer å sende ein stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben DE gjere for innbyggarane i Årdal. Ei spesiell takk til dei av dykk som må vere på jobb i julehelga.

Eg vil og ynskje alle ei god og fredfull jul, og eit godt nytt år.

Årdal #meir enn du trur

 

Med venleg helsing
Hilmar Høl
Ordførar

julebilde.jpeg