Julehelsing frå ordføraren

Julestemning

Slutten på enda eit år nærmar seg.

I industrikommunen vår har tal arbeidsplassar gått opp dei to siste åra. Industribedriftene våre er no inne i ein periode med gode tider. Skatteinngangen til kommunen er større enn det som er budsjettert for 2017.  Dette tyder på at næringslivet går godt, og det er svært viktig for bygda.

Økonomi- og handlingsplan 2018 – 2021 og budsjett 2018 har no vorte vedteke i kommunestyret. 
Mellom anna vart nokre viktige investeringsprosjekt vedtekne med oppstart i 2018:
*Tangenvegen 14 - ombygging til døgnbaserte tenester
* Øvstetunsvegen bufelleskap – tilrettelagt for 7 bueiningar
* Heis i kyrkjelydshuset

To svært viktige vegprosjekt for Årdalsamfunnet er no vedtekne i Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Det er fylkesveg 303 Seimsdalstunnelen og FV53 tunnel i Ljoteli. Begge prosjekta vert fysisk starta opp i komande 4 års periode.

Som ordførar vil eg takka dei som legg ned frivillig arbeid og har eit stort engasjement for bygda vår. Dette er svært viktig for at Årdal skal vera ein god og trygg stad å bu, leva og arbeida.

Eg ynskjer alle ei god jul og godt nytt år.

 

Arild Ingar Lægreid
-ordførar-

Tips ein ven Skriv ut