A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå ordføraren

Julefreden senkar seg snart over bygdi. Ute ligg snøen og legg ei fin råme for julefeiringa.
  • 1

Budsjettmøtet i kommunestyret er unnagjort.

Sjukeheimen i Seimsdalen skal utvidast med nye 24 sjukeheimsplassar. Samlokalisering av legetenestene i Helsehuset vert gjennomført i 2011. Storsalen i samfunnshuset i Øvre Årdal skal opprustast.
Byggeaktivitet i Samfunnshuset på Årdalstangen er stor og hausten 2011 skal det stå ferdig med ny kinosal, festsal og eldresenter.

To viktige saker ordføraren vil arbeide vidare med i 2011 er
- å behalda lokalsjukehuset vårt i Lærdal med akuttberedskap og fødetilbod
- Hydro må etablerea ein fullskala produksjonshall med framtidas teknologi på Søderbergtomta i Årdal

I morgon, vetlejulafta, har eg planlagt ein runde innom sjukeheimane.

Ordføraren ynskjer alle ei god og fredeleg jul og godt nytt år!

Tips ein ven Skriv ut