A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Jegermøte - hjort og elgjakta 2018

JŠgare Ð Šlg Ð fredningsomrŒde

Onsdag 29. august klokka 19.00 vert det jegermøte for hjort- og elgjakta i Årdal.

Viktig og interessant informasjon, og det vert utdeling av prøvemateriell for CWS-prøver. 
Dei som er valdansvarlege må syta for at valdet vert representert på møtet, og helst med flest mogleg jegerar.

Møtet er på rådhuset på Årdalstangen i kommunestyresalen (parkering og inngang frå baksida av rådhuset).

Program
Kl. 19.00 Velkommen ved viltforvaltninga v/Per Bjørkum/Knut Fredrik Øi
Kl. 19.15 Bestandsplanen i Årdal - korleis ligg me an v/Vidar Moen
Kl. 1945 Info om:

  • Skrantesjuke – prøvetaking 2018
  • Fluorskade – innsamling av kjevar
  • Bruk av settogskutt 
  • Jakttider Knut Fredrik Øi

Kl. 20.15 Kaffepause
Kl. 20.30 Viltbehandlingsanlegg – mottak for slakt på Håbakken v/Odd Ohnstad/Knut Fredrik Øi
Kl. 21.00 Siste året i planperioden – erfaringer og innspel til ny plan (også elg/rådyr) v/Per Bjørkum
Kl. 21.15 Utlevering av prøvemateriell

 Vel møtt!

Hjorteutvalet i Årdal kommune og den kommunale viltforvaltningen
Knut Fredrik Øi

Tips ein ven Skriv ut