A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Invitasjon til fagmøte med tema Beitebruk

Prosjekt Sau og Utmark i Årdal, Lærdal og Aurland inviterer sauehaldarar og andre interesserte til fagmøte med tema Beitebruk.

 

  • 1

Møtet vert halde i Lærdal kulturhus, Laksen måndag 17. november klokka 19:30

Påmelding:
Det vert matservering på møtet. For å rekne nokolunde mengde er me takksame om du sender ei påmelding til havard.oyrehagen@laerdal.kommune.no eller 57 64 12 00 innan fredag 14.11 klokka 1600.

Yngve Rekdal frå Skog og Landskap jobbar med kartlegging av beiteressursar og beitekvalitet over heile landet. Rekdal vil denne kvelden fortelje litt om korleis beitinga påverkar landskapet rundt oss og kor store skilnader det er på gode og dårlege beiter.                                                                                                                                                                                                                                                                              

Håvard Øyrehagen er ny prosjektleiar for prosjekt ”Sau og Utmark”. Han vil fortelje litt om prioriteringar i prosjektarbeidet framover. I tillegg vil Øyrehagen komma litt innom dei ulike kvalitetane det gamle jordbrukslandskapet har for dagens samfunn og kvifor det er viktig å ta vare på det.                                                                                                                                                                                                                                                                           Møtedeltakarane vert invitert til å delta i gruppearbeid der kartlegging av innmarksressursar vert tema. Resultatet av gruppearbeidet vert grunnlag for prosjektet si satsing på utarbeiding av beitebruksstrategi.

 

Tips ein ven Skriv ut