A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Intern - vikariat hjelpepleiar/helsefagarbeidar

Ledig stilling heimesjukepleien Øvre:
1 x 100 % vikariat som hjelpepleiar/helsefagarbeidar i perioden ca.27.10.20-31.08.21. Det er 3-delt turnus med arbeid 3 av 8 helgar og den tilsette må kunne gå alle vakttypar. Stillinga er i heimesjukepleien i Øvre. Ein må vera både i utesona og inne på ÅBO.
Søknadsfrist: 21.09.2020

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
Du må ha førarkort for bil, klasse B.
 
Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, kunne arbeide godt sjølvstendig og i lag med andre.
Du må vere fleksibel og systematisk og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter hovedtariffavtalen (HTA).
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 21.09.2020 Utlyst dato 04.09.2020 Vårref 1090
 
Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no