A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Intern lysing - Rektor i Vaksenopplæringen

Ledig stilling

Me har ledig eitt engasjement i 100 % stilling som rektor i vaksenopplæringen frå 01.08.16 - 31.12.16, med høve til lenging ut skuleåret.

Vaksenopplæringen har ansvaret for all opplæring av vaksne etter Opplæringslova og Introduksjonslova for
innvandrarar.
Pr. i dag vert det gjeve norskopplæring i introduksjonsklassar og spesialpedagogiske tenester til vaksne elevar.
Vaksenopplæringen held til i moderne og lyse lokale i ASVO bygget på Årdalstangen.

Stillingen omfattar fagleg og administrativt ansvar for tilbodet ved vaksenopplæringen.
Som rektor har ein det daglege ansvaret innanfor økonomi og personal, styring, planlegging, rapportering og
kvalitetssikring.
For å lukkast i stillinga, vil det vere heilt avgjerande at du kan samarbeide med leiinga på ASVO og med leiinga i Årdal
kommune.
Skulen er under utvikling og me ønskjer oss ein rektor som vil vera med å vidareutvikla vaksenopplæringen;
- leia utviklingsprosessar
- skapa gode samarbeidsrelasjonar
- inspirera medarbeidarar
- skape eitt godt miljø for elevar og tilsette

Kvalifikasjonskrav
Godkjend lærarutdanning og erfaring, kompetanse og interesse for grunnleggjande lese- og skriveopplæring og
vaksenopplæring.
Gjerne utdanning i norsk som andrespråk.
Gjerne utdanning innanfor skuleleiing
Kunne motivera og skape eit godt miljø både for tilsette og elevar
Gode personlege eigenskapar og evne til samarbeid

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna avtaleverket utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Utfordrande og interessante oppgåver
Vera med å forma ei tjeneste som er inne i ei spennande utvikling
Godt arbeidsmiljø og fagleg dyktig tilsette

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune si heimeside.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.

NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Søknadsfrist 15.06.2016 Utlyst dato 07.06.2016 Vårref 837

Kontaktperson
Olve Fossedal, olve.fossedal@ardal.kommune.no
Veronika Helen Øyre, veronica.oyre@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut