A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Innspel til Årdal kommune sin planstrategi 2020 - 2023

frist: 18. august

Årdal kommune har starta arbeidet med kommunal planstrategi 2020-2023, i tråd med plan- og bygningslova § 10-1. Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val innanfor samfunnsutvikling, langsiktig arealbruk, klima og klimatilpassing, miljø, sektorverksemd og planbehov med tilhøyrande prioritering.

Årdal kommune ønskjer gjerne innspel eller synspunkt på kva planstrategien bør innehalde. 
Innspela kan sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller elektronisk til postmottak@ardal.kommune.no

Frist for innspel er sett til 18. august 2020.