A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Innlevering av listeframlegg til kommunevalet 2019

Val - logo

Listeframlegget må ha kome fram til kommunen innan 1. april kl. 12. Det er ikkje nok at brevet med listeframlegget er poststempla innan fristen. Listene skal leverast etter ein bestemt mal.

Fristar og skjema

1 april. 2019 - kl 12.00: Siste frist for innlevering av listeforslag.
20. april 2019 - kl. 12.00: Frist for å trekke tilbake eit listeforslag.
1. juni 2019: Frist for valstyret å godkjenne eit listeforslag.

Bruk gjerne malane som Valgdirektoratet har utarbeida. De finn dei her. Det gjer det lettare både for dei som skal levere liste og dei som skal handsame og godkjenne etter innlevering.

Rettleiing til utfylling av listeframlegg

Skjemaet er tosidig. På den eine sida av arket skal det stå følgjande:

  • overskrifta til listeframlegget,
  • kva for valdistrikt til tilhøyrer,
  • hva for val det gjeld for, og
  • kandidatane som stiller til val.

På den andre sida av arket skal listeframlegget underskrivast. Listeframlegget må vere underskrive av eit visst tal personar. 

Dei som stiller listeframlegg må oppgje kven som er tillitsvald og varatillitsvald for lista. Desse skal vere blant personane som har underskrive på listeframlegget. Dei tillitsvalde skal ha myndigheit til å forhandle med valstyret i kommunen eller fylkeskommunen om endringar på listeframlegget. Det bør også opplysast om eit visst tal på personar blant dei som har underskrive på listeframlegget, som skal fungere som tillitsutval med myndigheit til å trekkje listeframlegget tilbake. Det er fint om kontaktopplysingane til dei tillitsvalde og eventuelt tillitsutvalet blir oppgjeve. Det er ikkje eit krav å oppgje desse kontaktopplysingane. 

Skjemaet må trykkast opp tosidig i så mange eksemplar det er behov for i samsvar med talet på underskrifter. Underskrifter på skjema som ikkje er trykt opp tosidig, vil ikkje bli godkjent. Det er eit krav at kandidatar og underskrifter skal vere på same liste/ark.

Saman med listeframlegget skal vedlegg til listeframlegg innleverast, jf. vallova § 6-4:

  • Ei oversikt over førdselsdatoane til kandidatene (bruk vedleggsmal)
  • Ei oversikt over fødselsdato og bustadsadresse til dei som har underskrive på listeframlegget. Bruk skjema for innlevering av listeframlegg som du finn ovanfor.
  • Dersom ein kandidat til fylkestingsval eller kommunestyreval ikkje er innført i folkeregisteret som busett i fylket eller i kommunen når listeframlegget blir innlevert, må det liggje ved ei erklæring frå kandidaten om at han/ho vil vere valbar på valdagen.
  • Dersom ein kandidat til fylkestingsval eller kommunestyreval ikkje er valbar på grunn av si stilling, må det leggjast ved ei erklæring frå kandidaten om at han/ho vil ha gått av frå stillinga når fylkestinget eller kommunestyret kjem i funksjon.

Meir informasjon finn du på Valgdirektoratet sine sider på valg.no

Tips ein ven Skriv ut